Bli partnar i Visit Gloppen
Saman gjer vi Gloppen meir synleg.
Visit Gloppen samlar reiselivet i Gloppen i ei felles satsing for å nå fleire gjester, skape større synlegheit og få fleire til å oppdage alt Gloppen har å by på.
Enten du driv med overnatting, aktivitetar, mat og drikke, handel, kultur eller opplevingar, kan du bli ein del av satsinga.
Vel partnarnivået som passar di verksemd.
Kvifor bli med?
MEIR SYNLIGHEIT
Bli synleg der gjestene leitar etter opplevingar, aktivitetar, overnatting og mat i Gloppen.
NORSKE OG INTERNASJONALE GJESTER
Visit Gloppen blir utvikla på norsk, engelsk og tysk, med innhald og landingssider retta mot ulike målgrupper.
FELLES MARKNADSFØRING
Vi kan nå lenger når vi samlar ressursane og marknadsfører Gloppen og tilboda våre saman.
EIN DEL AV DESTINASJONEN
Du blir del av eit samarbeid der vi utviklar Gloppen som reisemål – ikkje berre profilerer enkeltbedrifter.
Vi er allereie i gang
Det siste halvåret har vi bygd vidare på Visit Gloppen og lagt grunnlaget for ei meir langsiktig reiselivssatsing.
Vi har mellom anna:
-
vidareutvikla og omstrukturert visit-gloppen.no
-
arbeidd med norsk, engelsk og tysk innhald
-
utvikla nye landingssider for ulike tema og målgrupper
-
testa digital marknadsføring for å lære kva som gir effekt
-
utvikla innhald og satsing mot cruise
-
starta arbeidet med å løfte Gloppen som base for opplevingar i resten av Nordfjord
No ønskjer vi å ta neste steg saman med reiselivsaktørane i Gloppen.

Bli partner her
Kva går partnarbidraget til?
Visit Gloppen er ei felles satsing. Partnarinntektene blir brukte til å vidareutvikle og marknadsføre Gloppen som reisemål – mellom anna gjennom innhaldsproduksjon, nettside, språk, digitale kampanjar og utvikling av nye landingssider og marknader.
Jo fleire som er med, desto større kraft får vi til å marknadsføre Gloppen.
Kven kan bli partnar?
Visit Gloppen er for heile reiselivet
Overnatting • Aktivitetar • Attraksjonar • Mat og drikke • Lokalmat • Kultur • Arrangement • Handel • Transport • Guiding • Opplevingar
Innhald, foto og tekst
For å få best mogleg effekt av synlegheita på Visit Gloppen, er godt innhald heilt avgjerande.
Dersom du ønskjer hjelp til å utvikle presentasjonen av di verksemd, kan Dina Rygg Eide bistå som konsulent. Ho har god kjennskap til Visit Gloppen og erfaring med å lage innhald som fungerer godt både på nettside og i sosiale medium.
Dina kan mellom anna hjelpe med:
-
foto og visuell profil
-
tekst til nettside og presentasjon
-
utvikling av innhald til sosiale medium
-
oppsett og optimalisering av di profil på Visit Gloppen
Tenestene blir avtalt direkte med Dina, og kan tilpassast behovet til kvar enkelt aktør.
Dette er eit valfritt tillegg, men kan vere eit godt grep for å få mest mogleg ut av synlegheita di.

