top of page

SMAK GLOPPEN - MAT OG DRIKKE

LOKALE SMAKAR DU SEINT VIL GLØYME

Prisvinnande bobler, solmodne bær, fyldig geitost og duggfrisk frukt er nokre av delikatessene du kan nyte smaken av i Gloppen. Produsentane gjer sitt ytterste for å sikre deg ei kulinarisk oppleving, og med generasjonar av lærdom bak kvar vare er tradisjonane sterke og smakfulle.

 

Kan det freiste med ein fem-retters smaksmeny, villtmiddag eller ein varm kopp økologisk- og lokalprodusert urtete? Serveringsstadane Gloppen HotellSølvane Gard og Lauget Kaffi&kultur er blant nokre av aktørane som nyttar seg av lokale råvarer i menyane sine.

​​​​​

I tillegg til å nyte smakane i sine rette omgjevnadar, er det kjekt å kunne dele litt av opplevinga med kjente og kjære. På Bakar Jon, Gloppen sin store lokalmatformidlar, kan du handle med deg lokale mat- og drikkevarer. Kanskje du vil dele dei smaksrike minnene fra Gloppen med nokon du er glad i? 

​​​

På Bakar Jon finn du eit stort utval varierte lokalvarer, i tillegg til kanskje Noregs største og beste solskinnsbolle!

bottom of page