Mardalen & Lars-Lillo Stenberg - Gloppen Musikkfest
ons. 02. sep.
|Sandane


Tid & stad
02. sep. 2026, 19:00 – 21:00
Sandane, Sandane, Norge
Om arrangementet
Den anerkjende jazztrioen Maridalen er attende med eit nytt prosjekt – denne gongen i samarbeid med låtskrivar og historiefortellar Lars Lillo-Stenberg, kjend for sine karakteristiske visetolkningar og for evna til å skildre det kvardagslige med varme og særpreg.
Resultatet vart EP-en Fransk utgang, spela inn i mars 2025 i eit hus i den vesle franske landsbyen Sanxay. Låtane vart skrive og komponert i fellesskap under opphaldet og kretsar kring reiser, betraktningar frå landsbyen, lengsel, undring og kjensla av å komme heim att. Tekstane reflekterar over kva det eigentleg betyr å reise bort – og kva ein oppdagar undervegs. Der kor Lillo-Stenbergs særeigne uttrykk treff Maridalens åpne og nordiske kammerjazz, oppstår ein musikk som er både melodisk og fortellande, åpen og nær.
Maridalen har dei seinare åra markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt, med tre kritikarrosa album og konsertar på festivaler i hele Europa. Med Fransk utgang åpnar…
