top of page

Midt i Matfatet - Gloppen Hotell

lør. 12. sep.

|

Gloppen Hotell - by Classic Norway Hotel

Under Midt i Matfatet serverer vi ein 5-rettars meny der dei lokale råvarene får stå i sentrum.

Midt i Matfatet - Gloppen Hotell
Midt i Matfatet - Gloppen Hotell

Tid & stad

12. sep. 2026, 18:00 – 22:00

Gloppen Hotell - by Classic Norway Hotel, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norge

Om arrangementet

Denne kvelden på Gloppen Hotell er ei hyllest til alle dei dyktige lokale produsentane som kvar dag er med på å gjere matopplevingane våre ekstra gode!


Billettar her!


Takka vere dei kan vi til ei kvar tid komponere rettar med det beste Gloppen har å by på. Nesten kvar dag får vi levert fantastiske råvarer rett på døra – ferske egg, grønsaker, urter, bær og gode drikker. Vi er rett og slett utruleg heldige som har så mange flinke produsentar rundt oss!


Under Midt i Matfatet serverer vi ein 5-rettars meny der dei lokale råvarene får stå i sentrum. Nokre av leverandørane våre vil også vere til stades og dele historia si – om råvarene, garden, produksjonen og kvifor dei brenn for det dei gjer.


Aperitiff frå kl. 18.00

Bordsetjing kl. 18.30


Del dette arrangementet

bottom of page