TASTE THE GLOPPEN - FOOD AND DRINK
UNFORGETTABLE LOCAL FLAVORS




Prisvinnande bobler, solmodne bær, fyldig geitost og duggfrisk frukt er nokre av delikatessene du kan nyte smaken av i Gloppen. Produsentane gjer sitt ytterste for å sikre deg ei kulinarisk oppleving, og med generasjonar av lærdom bak kvar vare er tradisjonane sterke og smakfulle.
Kan det freiste med ein fem-retters smaksmeny, villtmiddag eller ein varm kopp økologisk- og lokalprodusert urtete? Serveringsstadane Gloppen Hotell, Sølvane Matbar og Lauget Kaffebar er blant nokre av aktørane som nyttar seg av lokale råvarer i menyane sine.
​​​​​
I tillegg til Ã¥ nyte smakane i sine rette omgjevnadar, er det kjekt Ã¥ kunne dele litt av opplevinga med kjente og kjære. PÃ¥ Bakar Jon, Gloppen sin store lokalmatformidlar, kan du handle med deg lokale mat- og drikkevarer. Kanskje du vil dele dei smaksrike minnene fra Gloppen med nokon du er glad i?Â
​​​
På Bakar Jon finn du eit stort utval varierte lokalvarer, i tillegg til kanskje Noregs største og beste solskinnsbolle!


